Norsk English Nederlans Deutsch
Sjøbakken Camping

Aktiviteter og muligheter

Sjøbakken Camping er eit idéelt utgangspunkt for fotturar i eit sjeldant vakkert fjell-landskap.

Er du interessert i sportsfiske, kan du til dømes finne rekreasjon i den fiskerike elva Straumen, som er den "kortaste lakseelva i verda." Aure-elva, i sentrum av bygda, er ei anna god lakseelv: I sesongen 2000 vart det fiska vel 2500 kg. Og det er godt med fiskekort til sals. Du kan også prøve fiskelukka i Sykkylvsfjorden. Vi leiger ut båt med motor. Prisen er 60 kroner pr. time inklusiv bensin. Lån av fiskeutstyr kan ordnast.

Vinterstid representerer Sykkylven Skisenter eit eldorado for mange ski-interesserte. Bygda kan også by på mange gode fiskevatn. Vi gir deg informasjon om fiskekort. Ved Haugneset, 1 km. frå campingplassen, er det ein fin badeplass.

Attrakasjonar i Sykkylven

  • Sykkylven kyrkje - eit praktfullt byggverk som absolutt er ein tur verdt! Kyrkja er tilgjengeleg for besøk i sommarhalvåret.
  • Sykkylven naturhistoriske museum - viser oppbygd fuglefjell, vinterlandskap, våtmark og skogsmiljø for fugler og dyr. Muséet ligg i gangavstand ca. 200 meter frå campingplassen.
  • Aursnes fergestad - gravrøyser nær fergestaden.
  • Norsk Møbelfagleg Senter - eit nasjonalt dokumentasjons- og utstillingssenter.
  • Ikornnes Båtforening - Badeanlegg og restaurant - gåavstand fra campingplassen. Sjekk åpningstider ved å klikke på linken.

Attraksjonar i nærområdet veleigna for dagsturar